Berlin 19. februar 2003
Kaufhaus Des Westens
vs The Go-Betweens

Eg gjorde ein feil i dag. Eg gjekk inn i eit av verdas største varehus på tom mage. Eg skulle eigentleg ut ein tur for å få meg ein sein lunsj/tidlig middag. Varehuset Ka De We ligg like rundt hjørnet her og har i 7 etasjar og uendeleg med kvadratmeter i kvar etasje. Eg vart frista til å skli inn forbi sikkerhetsvaktene og gjekk forbi hylle på hylle med strykejern, barbermaskinar, termosar, kaffetraktarar, datautstyr, tepper, såper, kjeks, pølser, ostar, kaker og alle verdens delikatesser. Eg tok rulletrapper opp og ned medan svolten byrja bli så sterk at beslutningsevna mi for eventuelle innkjøp var sterkt redusert. Til slutt enda eg opp i musikkavdelinga (som eg ofte gjer). Til mi store overasking hadde The Go-Betweens debutert på 41. plass på dei tyske hitlistene med det nye albumet Bright Yellow Bright Orange. Tida var inne for å handla.

I made a mistake today. I was hungry and my plan was to go out to get a late lunch /early dinnner. Instead I went into one of the biggest department stores in the world. Ka De We is just around the corner here and it has 7 floors and an incredible amount of squaremeter on each floor. I got tempted to to enter and found myself passing endless shelves of irons, razors, coffee machines, data equipment, carpets, soaps, buiscuits, sausages, cheese, cakes, and al sorts of delicacies. I went up escalators and down escalators as my hunger was encreasing and my capability of making decisions was decreasing. I ended up in the music depatment (as I often do) and to my surprise, The Go-Betweens had made a debut as nr. 41 on the German hit-list with their new album Bright Yellow Bright Orange. The time was right for shopping.

« 18.februar