«« bergjord.com


COLOSSEUM I STAVANGER
OM PROSJEKTET / DAGTID / KVELDSTID

Om å ta tog…

Den første gongen eg reiste i Europa, var det med tog. Eg var 19 år gammal. Eg hugsar framleis korleis det var å stå på nattoget på veg sørover gjennom Tyskland, med interrailbillett i lommen og utan sovekupe for å spare pengar (Var jo for spent til å sove uansett). Såg ut på det flate landskapet som suste forbi til den taktfaste lyden av toget som rulla over skinnene. Sommarnatta strøyme inn eit vindauge som sto på gløtt, og eg kjende spenninga av å være på veg til noko som eg ikkje før hadde sett.

Stavanger er endestasjon på Sørlandsbanen. Heile Europa ligg i andre enden. Men først må du kome deg ned til stasjonen.

Geir Egil Bergjord desember 2008

Colosseum er fotografert gjennom vindauget på trikk nr 3 i Roma, like etter eit kraftig regnskyll i april 2005. Fotografiet vart printa på 100 kvadratmeter transparent folie og montert på glassfasaden til Stavanger jernbanestasjon. Utstillingsperiode: 11. desember 2008 – 15. mars 2009. Stad: Stavanger Stasjon. Produsent og prosjektleiar: Kulturbyrået Mesén. Oppdragsgjevar Rom for kunst: ROM eiendom AS / NSB

PRESSEOMTALE:
Stavanger Aftenblad 11/12 2008
Rogalands Avis 12/12 2008