CROMARTY 10/9–10/11 2007
61 days in The Scottish Highlands



11/9 2007
KVEN TRENG KONTANTER?
Eg missa avkjøringa til A720 som skulle ta meg utanom Edinburg og er i staden på veg inn mot Edinburgh sentrum. Eg tenkjer at dersom eg bare følgjer straumen med bilar gjennom byen, så må eg vel før eller seinare møta merking til A90 og koma meg på rett veg att. Eg passerer både Edinburgh Castle og køyrer gjennom Princes Street, samt ei rekke lyskryss før det omsider er merka til A90 med piler i vegbanen. Eg skiftar fil. Så var det bare å kome seg ut på A90 i retning Perth. Ny pil og northbound eit eller anna i vegbanen, det kan vel ikkje bli feil. Snart er eg på A90, men før eg ser noko skilt med Perth og får bekrefta at eg er på rett veg, så kjem eg til ei svær bru og ein bomstasjon.

Eg kjører inn og stoppar framfor ei av hyttene på bomstasjonen. Mannen i luka ser dumt på meg der eg sit på venstre sida i bilen og må strekke meg over bagasje og kassettar for å rulle ned vindauget på passasjersida mi.

«Eit pund, takk.» seier han.

«Kan eg betale med MasteCard?» spør eg.

«Nei.» svarer han.

«Visa?» prøver eg.

«Nei, me tek ikkje kredittkort. Avgifta er berre eit pund!» seier han litt irritert.

Eg kunne sjølvsagt prøvd å forklare han at poenget med å betale med kort, ikkje nødvendigvis er at ein er så blakk at ein treng kreditt (på eit pund!), og at eg har betalt med kort på utallige bomstasjonar som eg har passert i Noreg denne sommaren. Eg har til og med byrja å betale med kort i parkeringsautomatar. Desse småbeløpa blir jo samla til eit større beløp og trekt frå næringskontoen min i ein jafs. Så om du ikkje er ein kriminell på flukt og redd for å bli spora av myndighetene, så er det faktisk ganske praktisk å bruke kort på reiser. Eg let forklaringa være, og seier:

«Eg har ikkje pund, bare norske kontanter, og nokre euro…»

«Me aksepterer euro.» seier mannen i luka.

«Ok, eg har norske kontanter i lommen, men Euroen min er nedpakka ein eller annan stad bak i bagasjerommet.» forklarer eg.

«Du kan betale med euro.» gjentek han.

Eg går ut av bilen. Bak meg er det allerede ein lang kø av bilar. Det kjennes pinleg, men eg let som ingen ting og går bak bilen for å åpne bagasjerommet.

Så, kvar var det nå eg la lommeboka med skillemynt som eg brukar når eg er ute og reiser? Eg la den jo fram, så eg tok den vel med, eller gjorde eg nå det? Kanskje den er i bagen med film. Den som eg i all hast fylte med det som låg att på bordet, før eg sprang ut for å rekke ferga? Bagen ligg øverst i bagasjerommet. Eg åpnar den. Ingen lommebok her. Plutseleg kjem eg på at eg ikkje er 100% sikker på at eg kjører i rett retning. Om dette er feil veg kan eg jo snu og treng ikkje pengar likevel. Eg stikk hovudet opp frå bagasjerommet og spør:

«Forresten, er dette vegen til Perth?»

Mannen i luka ser overbærande på meg og nikkar.

Eg konsentrerer meg om bagasjen igjen. Kan hende lommeboka er i den meir organiserte øskja med ordbøker og diverse katalogar? Den ligg på botn i det stappfulle bagasjerommet mitt. Eg rotar fram øskja og riv opp teipen. Jo, her er den. Her er lommeboka med skillemynt! Eg grabbar lommeboka, men før eg rekk å åpne ho så er det nokon som pikkar meg på skuldra. Eg snur meg.

«Her.»

Det står ei dame bak meg og ho gir meg eit pund. Så forsvinn ho inn i bilen sin så fort at eg ikkje rekk å sei skikkeleg takk.

«Dei tek ikkje kredittkort.» skrik eg etter henne i det eg snur meg og går mot luka for å betale for bompasseringen.

––––––
Eg er framme i Cromarty like før midnatt.

WHO NEEDS CASH
I missed the junction to the A720 that was supposed to take me around Edinburgh. Instead I am heading for The Edinburgh City centre. I suppose that if I just follow the flow of cars through the city, I will sooner or later run in to some signs for the A90 and get back on the track. I pass Edinburgh Castle, drive along Princes Street plus a great many traffic lights, before the arrows leading to the A90 eventually occur in the road. I change lane. All I need now is to get on the highway in the Perth direction. Another arrow and northbound something written in the lane. I can't miss on this one, can I ? Soon after, I am on the A90, but before I read any signs confirming I am in direction of Perth, I arrive at a big bridge and a toll post.

I stop in front of one of the tollbooths. The man in the hatch looks at me as I sit on the left hand side of the car and have to lean over luggage and cassettes, to be able to roll down my passenger seat window.

«One pound, please.» He said.

«Can I pay with my MasterCard?» I ask him.

«No.» He replies.

«Visa?» I try again.

«No we don't accept creditcards. The toll is only one pound!» He says a bit irritated.

I guess I could have explained to him that the point of using a credit card isn't necessarily because your are broke and need the credit (of one pound!), or that I have used my creditcard at numerous toll posts in Norway during the summer. I have even started to pay for parking with my card. These small amounts are in fact added up to one bigger amount, and then automatically deducted from my work account in one go. Unless you are a criminal on the run and don't want to be traced by the authorities, paying with a creditcard is very convenient on a trip. I let the explanation be, and say:

«I don't have any pounds. The only cash I've got is Norwegian, and some euros…»

«We accept euros.» says the man in the tollbooth.

«Ok, I got my Norwegian cash in my pocket, but my euros are in my luggage, somewhere in the boot of my car.» I explain.

«You can pay with euros.» He repeats.

I get out of the car. There is already a line of cars behind me. It is embarassing but I try to act cool and head for the back of my car to open the boot.

So, where did I put the wallet where I keep the small coins I use when I am travelling? I remember taking it out of the drawer, so I guess I brought it along. Or did I? Maybe it is in the bag where I keep my films. The one that I filled up with all the stuff still lying around on the table, just before I ran out to catch the ferry. The bag is located on the top in the boot. I open it. No wallet here. Suddenly I remember that I'm not a 100% sure I am going in the right direction. If this is the wrong way I can just turn around and wont need the money anyway. I pop my head up from the boot of the car and ask:

«By the way, is this the road to Perth?»

The man in the tollbooth looks indulgently at me and nods.

I concentrate on the luggage again. Maybe the wallet is in the fairly well organized box with dictionaries and various catalogues. It is in the bottom of the boot. I dig the box out and tear the tape off. Yup, here it is. This is my wallet full of coins! I grab it, but before I reach to open it, someone taps on my shoulder. I turn around.

«Here you are.»

A woman is standing behind me and she gives me a pound. Then she dissapears back into her car before I manage to give her a proper «thank you».

«They don't accept creditcards.» I yell as I turn around and head for the booth to pay my toll.

––––––––
I arrived in Cromarty a few minutes to midnight.
‹‹‹ 10/9

cromarty index